Hopp til innhald

Nwankwo Kanu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nwankwo Kanu
Personleg informasjon
Fullt namn Nwankwo Nwosu Kanu
Fødd 1. august 1976
Fødestad Owerri
Høgd 197 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Portsmouth
Nummer 27
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1991-92
1992-93
1993-96
1996-99
1999-2004
2004-06
2006-
Nigeria Fed Works
Nigeria Iwuanyanwu
Nederland Ajax
Italia Inter
Arsenal
West Bromwich
Portsmouth
35 (20)
25 (15)
54 (25)
12 (1)
119 (30)
53 (7)
101 (17)
Landslag
1996
1994-
Nigeria Nigeria U23
Nigeria Nigeria
6 (3)
79 (13)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 18. april 2010

Nwankwo Nwosu Kanu (fødd 1. august 1976 i Owerri i delstaten Imo) er ein nigeriansk tidlegare fotballspelar som har spela som spiss for Portsmouth i den engelske fotballigaen, og for det nigerianske landslaget. Kanu har vunne seriemeisterskap med tre ulike lag: Iwuanyanwu Nationale i Nigeria i 1993, Ajax i Nederland i 1994, 1995 og 1996 og Arsenal i England i 2002 og 2004. Han var delt toppskårar for West Bromwich Albion i Premier League i 2005/06-sesongen med fem seriemål, og Portsmouth sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 10 seriemål. Han vart kåra til årets afrikanske spelar i 1996 og 1999.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

I 1996 var han med på å ta gull i sommar-OL i Atlanta. Han debuterte for Nigeria sitt A-landslag i 1994 i ein vennskapskamp mot Sverige. Han har teke del i tre VM for Nigeria, i 1998, 2002 og 2010.

  • Olympisk meister: 1996 for Nigeria
  • Vinnar av meisterligaen: 1995 med Ajax
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1998 med Inter
  • Nigeriansk ligameister: 1993 med Iwuanyanwu
  • Nederlandsk seriemeister: 1994, 1995, 1996 med Ajax
  • Engelsk ligameister: 2002, 2004 med Arsenal FC
  • Vinnar av FA-cupen: 2002, 2003 med Arsenal FC og 2008 mmed Portsmouth